Redaktøren ok ein liten prat med ungane for å høyra kvifor dei likar å køyra motorsykkel med sidevogn. Pernille og Emil starta tidleg å sitta i sidevogna. Me kjøpte Ruko’en i 2015, då me fekk Pernille. Og sida har den blitt brukt til ferieturar og småturar. Noko Pernille og Emil trivs godt med. «Kva likar du best med å køyra sidevogn, Pernille? Reisa på sidevogntreff og treffa venner der. Eller å reisa på tur, for eksempel til Kristiansand.»
Dette kan eg også kjenna meg igjen i, då eg sjølv har vert ein liten passasjer i sidevogn. Noko som er gode minner å ha med seg. Og som gjere at eg sjølv har valt å køyra sidevogn. Å la ungane få oppleva den glede med motorsykkel, ligga i telt og laga mat på primus. Og ikkje minst da å få være ein del av sidevognsmiljøet og sidevognklubben.
Øystein Markhus
